Refleksjon frå samlinga:
For oss er det godt å oppleve at ein læringsplattform er ein læringsplattform; det er lett å kjenne seg att når dei andre skolane viste fram sin LMS. Og vi Moodlarane er ikkje på sidelinja; drakta er ulik, men spelet er det same.
Men eg håpar neste samling kan bli noko meir matnyttig, kanskje kan det bli presentert undervisningsopplegg som alle kan ta i bruk i sin eigen plattform. Vi var nok innom fleire fine opplegg på den kulturelle samlinga, men vi tok ikkje tak i opplegga, brukte ikkje tid til å vurdere om dette var ein fin måte å bruke eit LMS på. Kva var bra, kva kunne vore gjort betre........
Gimp er vi ikkje så engasjert i, vi nyttar andre program. Gimp blir vel best brukt innafor kunst- og handverksfag. Kanskje vi skulle ha brukt nokre minutt på verktøy som allereie ligg i Windows; Picture Manager og Bilde- og faksbehandling?
Neste år er vi usikre på, som einaste med Moodle i nettverket vurderar vi eit nærare samarbeid med Midt Østerdal, http://moodle.asp-hedmark.no/. Men på samlinga vår vart nettverka i andre fylke nemnt som noko det var verdt å sjå nærare på, det er vi interessert i.
Med omsyn til heimeoppgåva til Dovre-samlinga har vi så langt tenkt å ta i bruk Wiki som verktøy, men ingen veit kor hærran hopper. Og ikkje røvven, for den saks skuld.
Friday, February 08, 2008
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Hallo!
Takk for fin tilbakemelding! Du tar tak i flere viktige spørsmål etter min mening.
GIMP - kontra andre program. Alle trenger jo ikke å jobbe med det samme. Kan du tenke deg å ta tak i de to programmene som du nevner og holde en liten sesjon for de som er interesserte?
Jeg tenker at LMS-gruppa merker segd et du sier om å gå i dybden og se på undervisningsopplegg som kan benyttes uavhengig av LMS.
Gleder meg allerede til Dovre (og da er det i tillegg vår og lyse dager...!)
Hilsen
Atle
Etnedal følte i grunn at vi la opp til kommentering etter at vi la fram undervisningsopplegget vært. Vi hadde opprettet en egen blogg for slike kommentarer. Vi er derfor en smule uenig i Dovres refleksjoner over tema:)
Men, dette er ingen hindring for at vi kommer glade,fornøyde og fulle av forventning til moskusens rike!!!!
Post a Comment