Friday, February 08, 2008

Refleksjon frå Kulturell samling

Refleksjon frå samlinga:
For oss er det godt å oppleve at ein læringsplattform er ein læringsplattform; det er lett å kjenne seg att når dei andre skolane viste fram sin LMS. Og vi Moodlarane er ikkje på sidelinja; drakta er ulik, men spelet er det same.
Men eg håpar neste samling kan bli noko meir matnyttig, kanskje kan det bli presentert undervisningsopplegg som alle kan ta i bruk i sin eigen plattform. Vi var nok innom fleire fine opplegg på den kulturelle samlinga, men vi tok ikkje tak i opplegga, brukte ikkje tid til å vurdere om dette var ein fin måte å bruke eit LMS på. Kva var bra, kva kunne vore gjort betre........
Gimp er vi ikkje så engasjert i, vi nyttar andre program. Gimp blir vel best brukt innafor kunst- og handverksfag. Kanskje vi skulle ha brukt nokre minutt på verktøy som allereie ligg i
Windows; Picture Manager og Bilde- og faksbehandling?
Neste år er vi usikre på, som einaste med Moodle i nettverket vurderar vi eit nærare samarbeid med Midt Østerdal, http://moodle.asp-hedmark.no/. Men på samlinga vår vart nettverka i andre fylke nemnt som noko det var verdt å sjå nærare på, det er vi interessert i.
Med omsyn til heimeoppgåva til Dovre-samlinga har vi så langt tenkt å ta i bruk Wiki som verktøy, men ingen veit kor hærran hopper. Og ikkje røvven, for den saks skuld.