
Som mange andre sikkert har opplevd, går det ikkje akkurat slik det vart skissert i søknaden om å bli med i eit lærande nettverk.
På den andre sida er det ikkje lett å sjå korleis framtida ser ut i den digitale verda.
Men på den tredje sida er vi kome lengre med å ta i bruk LMS enn det vi tenkte, så det ser ikkje svart ut, vi ser lyset i enden av tunnelen!
Vi ser fram til neste samling, og har tenkt å ta for oss
- bruk av verktøyet ordbok i undervisninga. Moodle har dette verktøyet, men vi er usikre på dei andre LMS'ane
- bruk av lydfiler; leggje ut lydfil til elevane, og korleis elevane legg ut sine lydfiler (elevane les inn, lagrar i Audacity og lastar opp i Moodle).
- Kanskje kan vi vise litt frå prøvemodulen i Moodle, men denne tunnelen har vi nettopp køyrd inn i, og her var det mørkt!
Kva utbytte har så vi her oppe i nord av LÆRNOTO?
Det er fint å treffe andre som balar med dei same utfordringane som oss, og at ein kan konsentrere seg om ein ting, ein lærar har som regel mange ballar i lufta samtidig, og da blir det ikkje mykje tid til refleksjon.
Det er òg fint å oppleve at det vi driv med i LÆRNOTO har noko med skolekvardagen å gjere; samansette tekstar er viktig, til og med til eksamen!