Thursday, November 29, 2007

Refleksjon isblå samling

Etter samlinga sit eg att med eit inntrykk av at samansette tekstar, bilde/lyd, er noko som etter kvart angår alle. Det viktige for meg framover blir nok å ha fokus på to ting i samband med dette; korleis skal eg bruke desse verktøya pedagogisk, blir det meir og betre læring av dette, og korleis kan eg vurdere samansette tekstar.
Det vart ikkje tid til å sjå på Ekemeploppgåvene frå udir.no, men her: https://eksamen.udir.no/eksempel/H07/or/, kan du gå direkte inn på førebuingsdelen. Alt er samansette tekstar, og spørsmålet mitt blir da: når skal da elevane lage samansette tekstar til eksamen.
Er spent på korleis vi skal få til LMS-arbeidet. Håpar at vi ikkje berre skal sjå på dei ulike verktøy, men òg på elevane sitt læringsutbytte og korleis ein LMS kan gjere arbeidet betre og lettare for både elevar og lærarar.

1 comment:

Atle Roijen said...

Hallo og takk for tilbakemeldingen fra den isblå samlinga!
Viktig spørsmål dere stiller: "Håpar at vi ikkje berre skal sjå på dei ulike verktøy, men òg på elevane sitt læringsutbytte og korleis ein LMS kan gjere arbeidet betre og lettare for både elevar og lærarar." Det er jo opp til oss. Jeg løfter spørsmålet til forsida.

Hilsen
Atle